Hagen ved Mostraparken

Mostraparken omkransar Moster gamle Kyrkje og Moster Amfi.

Då Olav Tryggvason steig iland på Moster i år 995, møtte han nok eit heilt anna landskap enn det som møter oss idag.

Me kan tenkja oss at det var eit ope landskap med tingvollen og gudehovet der kyrkja no står. I dag er det eit frodig landskap med mange lauvtre og vakre blomar som møter oss.

Omlag 500 rhododendron av ulike artar er planta rundt om i parken og utgjer eit fargesprakande skue når dei blømer på vårparten. Plantene var ei gåve til 1000-års jubileet i 1995.

Turen opp til krossen på Vetahaugen tar berre nokre minutt. Frå Vetahaugen kan du sjå ut over hav og landskap, kyrkja, minnestøttene, statua av Tora Mostrastong og kongesteinen, alle minnesmerke knytt til historia om dei tre kristkongane.