Moster Amfi - Finn Bakke

Til urpremieren på Mostraspelet «Kristkongane på Moster» i 1984, vart Moster Amfi opna som teater- og konsertarena.

Før 1000-års jubileet i 1995 vedtok Bømlo Kommune å føreta ei større utbygging og til feiringa framsto Moster Amfi som eit funksjonelt kulturbygg med eit religionshistorisk senter, nytt inngangsparti og billettkiosk, kafeteria og ein utearena med over 1000 sitjeplassar.

Scenen vart og utbetra og det vart bygd tunnel i fjellet frå friluftsscena til det religionshistoriske senteret, med utstillinga frå «Heidendom til kristendom», Amfisalen og Amfikafèen. Anlegget er bygd inn i fjellet i bakkant av uteamfiet. Det har ei spanande arkitektonisk løysing tilpassa terrenget og er ikkje ruvande i forhold til Moster gamle kyrkje, som ligg like ved.

I 2010 vart anlegget utbygd med ny inngang til den religionshistoriske utstillinga, ny kiosk og fleire toalett og til urpremieren på det nye Mostraspelet «I slik ei natt» i 2016 vart dei lenge etterlengta nye benkene med ryggstø tatt i bruk.