Musikalkonsert m/Katrine Lunde Mackenzie & Helge Lilletvedt

Kategoriar: sistenytt,Uncategorized @nb

Katrine har funne fram det vakraste og beste innan musikalsjangeren, songar ho har plukka opp på vegen gjennom karrieren.  Det vert perler frå  kjende musikalar, men og songar frå dei nyare og mindre kjende musikalane.

I år er det 25 år sidan ho debuterte i Wien, på Theater an der Wien i musikalen Elizabeth. Sidan den gong har Katrine medverka i store musikalproduksjonar som Les Misérables, Rent, Jesus Christ Superstar, Spelemann på taket, Kristin Lavransdatter og Cabaret, ho har gjort musikkteaterframsyningar med musikk av Brel, The Smiths og med songar av Elvis.

I Bergen har Katrine, saman med  bl.a. Idun Vik og Helge Lilletvedt,  i det siste hatt stor suksess med fenomenet «Musikaldigg». Ho har også hatt fleire engasjement ved DNS dei siste åra.

Saman med dyktige Helge Lilletvedt på piano, gler Katrine seg til å dele favorittsongane sine med dykk .

Denne kvelden får me høyre songar henta frå Les Misérables, Yentl, Marguerite, Kristina från Duvemåla, Sound of music, Into the Woods, West Side Story og mange fleire.

Tid: Fredag 15.november kl.19.00