Jazzkonsert Hystad & Herstad | Fortidsminneforeningen 175 år

Kategoriar: Uncategorized @nb

Stad: Moster gamle kyrkje

Bill.pris: 130,–

Billettar: i billettluka/ i døra eller bestill på tlf.: 53 42 66 20

Moster Amfi ønsker å markere eigaren av Moster gamle kyrkje, Fortidsminneforeningen, sitt 175 års jubileum med ein spanande og vakker jazzkonsert i Moster gamle kyrkje. Saxofonist Ole Jacob Hystad frå Stord saman med Haugesunds meisterpianist Svein Olav Herstad bør bli ei særeigen oppleving.

Dei to spelar for tida saman i kvartetten Organ Jam som gjennom fleire år har spelt på ulike festivalar og klubbar. Bandet til no har gjeve ut to cd’ar. Begge har lang fartstid i norsk jazz og har også gjeve ut fleire plater i eigne namn.

Det er første gong dei to spelar saman som duo med eigenkomponerte stykker av pianist Herstad. Publikum kan vente seg stemningsfull og melodiøs jazz i den unike steinkyrkja me har her på Moster.