Ellen Lien Rygg 06.10 – 04.11

Kategoriar: Uncategorized @nb

Ellen Lien Rygg bur på Randaberg, og er utdanna allmennlærar. Ho har mange år bak seg som lærar i faget «Kunst -og håndverk».
Som kunstnar har ho gått to år i lære hos Tor Olav Lunde i Sandnes. Ho held til i Atelier Fargerike på Randaberg.

Ellen Lien Rygg har hatt fleire utstillingar: Den første i 2008 på «Himmel og hav» i Sola, seinare har ho hatt utstilling kombinert med musikk på Tungenes fyr på Randaberg, visning heime på «Galleri Loftstuå» på Randaberg og utstillinga «Tilhørighet» i kjerkestova på Randaberg.

Naturen betyr mykje for Ellen og ho hentar mykje inspirasjon gjennom turar langs sjøen, men og frå stovevindauga heime. Framfor all inspirasjon, er lyset det mest sentrale for Ellen. Lyset som håp, lyset som energi og påfyll, lyset som kraft. Ho er og interessert i song og musikk, fotografering og handarbeid.

Ellen Lien Rygg kombinerer ulike teknikker i uttrykka sine. Grunnlaget legges i akryl for deretter å bli tilført ei rekkje lag med tynne lasurer i oljemaling. Desse tynne laga med maling gir ei spesiell effekt og dybde.

Til Moster kjem ho med utstillinga «Livskraft», og ho står sjølv for det musikalske innslaget saman med pianist under den offisielle opninga.

Utstillingsopning: Lørdag 6. oktober kl. 12.00
Opnar:
Musikalsk innslag: Ellen Lien Rygg og pianist

Velkommen til utstilling!